Windows
Ein av målsettingane med DataBibelen er at
folk ikkje skal måtta kjøpe seg nye og dyre maskinar for å bruke
programmet. Alle vanlege PC-ar som kjører Windows er raske nok. Alle
vanlege Windows-versjonar fungerer. For å sjå fargebildene treng du 256
fargar eller meir, det har "alle" i dag. CD-utgåver kan installerast heilt
til harddisken, og DataBibelen kan til nød flyttast vidare til ein CD-laus maskin (sjå nederst).
Tekniske detaljar om Windows: DataBibelen kjem med to programutgåver, ein 32-bits for "vanleg" 32-bits Windows (frå Win 98 til Win 8), og ein 64-bits. I tillegg følgjer det på CD-en med ei (litt enklare) 16-bits utgåve for Win 3.1 og Win 95, og ei svært enkel DOS-utgåve.
Mac/Linux
Sjå eiga nettside om DataBibelen på Mac og
Linux, som også lenker til DataBibelen for
Java som kan kjøre på både Windows, Mac og Linux.
Vanlege mobiltelefonar, osv.
Det er også eiga nettside om å kjøre det mindre bibelprogrammet MobBibel på dingsar (mobiltelefonar, lesebrett, osv)
som kan kjøre Java, til dømes Android-mobilar.
iPhone/iPad osv.
Sjølv om ein les på Internett at folk får både vanleg Java og Android-java
til å kjøre på iPhone, er dette dessverre ikkje støtta av Apple. MobBibel
må ha Java for å kjøre. På www.OliveTree.com kan interesserte laste ned eit bibelprogram
og gratis 1930-Bibel. DataBibel-CD-en har med
modular av nyare Biblar tilpassa dette programmet, sjå eiga nettside.
PC-ar utan CD-lesar
DataBibelen blir levert på CD. Nokre små PC-ar kjem utan CD-lesar. For
desse kan ein installere til ein vanleg PC, kopiere mappa Bibel
frå denne med nettverk eller minnepinne til PC-en utan CD, og til slutt
laste ned og installere den gratis demoen frå
heimesida, for å oppretta start-ikon.