Sjølve DataBibelen er laga for vanlege PC-ar med Windows, og kan kjørast på Mac og Linux. I tillegg finst eit enklare program MobBibel for "dingsar" (mobiltelefonar, lesebrett, osv.) som har Java installert. Dette programmet bruker dei same tekstane som DataBibelen.
MobBibel treng Java for å kjøre. iPhone/iPad osv. manglar Java, og kan dermed ikkje kjøre MobBibel. Difor samarbeider SigveSaker med www.OliveTree.com. Der kan alle interesserte laste ned eit bibelprogram "BibleReader" og gratis 1930-Bibel. Sjølve DataBibel-CD-en har i tillegg til 1930-Bibelen med nyare Biblar tilpassa BibleReader.
Kor på CD-en desse bibeltekstane ligg vil kunne variere, men det vil stå i tekstfila som følgjer med på CD-en. Kva bibeltekstar som er med vil også kunne variere utan varsel etter kva avtale me til eikvar tid får. Sidan 2004 har filene vore i mappa BIBREADR. I denne mappa er for tida (2010) 1978/85-Bibelen på bokmål og nynorsk (altså den vanlege "kyrkjebibelen"), pluss gammal Bibel på bokmål (1930) og nynorsk.
Merk at då OliveTree har endra formatet på desse modulane fleire gonger kan me dessverre ikkje garantere at modulane på gamle CD-ar fungerer med nyare versjonar av BibleReader, eller kor lenge modulane på noverande CD-ar vil fungere i framtida.
SigveSaker har aldri sett BibleReader i bruk, og kan derfor dessverre ikkje hjelpe ved problem med programmet. Men det ser ut til at folk flest får til bruken greitt sjølv.