DataBibelen er eit program for Windows, som også kan kjørast på Mac og Linux. MobBibel er eit enklare program for "dingsar" (mobiltelefonar, lesebrett, osv.) som kan bruke dei same tekstane som DataBibelen. MobBibel kan lese bibelvers, søke etter ord, osv.
Ein installerer først sjølve programmet MobBibel på mobilen sin. Programmet kjem bare med 1930-Bibelen, men kan utvidast med alle Biblar og andre tekstar du har skaffa frå SigveSaker, anten frå CD-en eller den gratis demoen.
MobBibel har desse funksjonane:
* For å bruke MobBibel trengst ein mobiltelefon som kjører Java-program, det gjer dei fleste i dag. Både Android-mobilar og dei fleste med Java ME (før kalla J2ME) kan brukast. Det er ei eiga side om iPhone, iPad, osv., som dessverre manglar Java.
* Vil ein legge fleire tekstar på
minnekortet krevst også ein datamaskin med DataBibelen (gjerne bare demoen), og ein
måte å overføre MobBibel til mobilen, til dømes ein USB-kabel.
Teknisk
Dei fleste vanlege brukarar kan hoppa rett til Installering. Dei treng ikkje lese dette, som er skrive for erfarne brukarar. Her er det samla lenker til mindre brukte variantar av MobBibel både for Android og Java ME, og teknisk detaljinformasjon som kan hjelpe ved problem.
Dei fleste Android-brukarar vil installere på vanleg måte frå Android Market, då det er enklast. Men det går an å laste ned same fila MobBibel.apk til PC-en, og overføre fila til mobilen som forklart under Lagra tekstar på minnekortet. Deretter må ein på mobilen bruke ein filhandterar (t.d. Astro File Manager), klikke på MobBibel.apk, og velge Install. Det kan komme nokre varsel ein må handtere.
Mobilar utan Android kjører normalt "Java ME", som dessverre kan variere litt frå mobil til mobil. Dette gjer at ikkje alle desse kan bruke vanleg MobBibel likevel, sjølv om dei har Java. Ei rettleiande liste er for tida (2011) på LWUIT DeviceDB. MobBibel er m.a. testa på Nokia 6300, Nokia N97, Nokia 5800 Express, og Sony Ericsson K850. Men einaste måten å finne ut om MobBibel fungerer på din mobil er nok dessverre å forsøke.
MBdeploy er eit program som kjører under Java på datamaskinen din. Programmet lagar versjonar av MobBibel for Java ME med valgfrie tekstar av dei som er installert på harddisken. Den vanlege MobBibel med 1930-Bibelen er på 2 MB. På Nokias 40-serie (og sikkert andre) kan programmer vera maks 1 MB, med bare ein NT-tekst blir MobBibel mindre enn dette. Og fleire tekstar kan leggast på minnekortet, om du har.
MBdeploy kan også brukast for å legga ALLE tekstane inne i MobBibel. Dette kan hjelpe om du har problem med å bruke minnekortet, på Java ME kan dette kreve at du først må gje MobBibel systemrettar. Framgangsmåten vil kunna variera, og vil stå i dokumentasjonen til mobilen din. Til dømes på Nokia 6300 finn ein MobBibel i Programmer-menyen, trykker Valg, Programtilgang, Datatilgang. Der set ein Les brukerdata og Legg til og rediger til Spør hver gang.
MBgammal er ei eldre utgåve av MBdeploy omtala ovanfor. Han har lavare systemkrav og kan forsøkast på eldre mobilar som ikkje vil kjøre vanleg MobBibel. Slå gjerne opp spesifikasjonane for din mobil før du forsøker, MBgammal krev MIDP 2.0 og CLDC 1.1.
Installering av MobBibel (med bare 1930-Bibel) er bare å overføre fila MobBibel til din mobil, og starta ho. Det skal sjå noko slikt ut:
Du må vite om din mobil kjører Android (dei fleste nye) eller Java ME (før kalla J2ME). Lenkene "[Døme]" i teksten viser bilde med døme på korleis det kan sjå ut.
Når nedlastinga til mobilen er ferdig kan du åpne MobBibel frå hovudmenyen i mobilen din, velge språk og få startskjermen.
Tilgang til funksjonane - t.d. ordsøk eller versoppslag - får du i Meny-knappen. [Døme]
Inni menyen har du også Hjelp der du kan læra deg å bruka programmet. [Døme]
Ved installasjonsproblem kan erfarne brukarar få tips under Teknisk i Systemkrav.
Etter at MobBibel fungerer vil dei fleste ønska å legge fleire tekstar på minnekortet.
Meny-knappen [Døme] i MobBibel får fram menyvalga. I tillegg har programmet nokre snarvegar det er greitt å kunna. Oversikta over desse er også i sjølve MobBibel-programmet, velg Meny, Hjelp [Døme], og så Navigering.
For telefonar med fingerstyring ("Touch") gjeld dette:
| Handling | Funksjon |
|---|---|
| Dra finger opp eller ned på skjermen | Gå opp eller ned i teksten |
| Dra finger venstre eller høgre | Gå side opp/ned, eller bla i søketreff |
| Venstre funksjonsknapp (på skjermen) | Åpne hovudmenyen |
| Lett trykk øverst til venstre | Åpne avsnittsmeny (m.a. kryssreferansar) |
| Lett trykk øverst til høgre | Gå til førre kapittel |
| Lett trykk nederst til høgre | Gå til neste kapittel |
For telefonar med nummer-tastatur gjeld dette:
| Tast | Funksjon |
|---|---|
| Venstre funksjonsknapp | Åpne hovudmenyen |
| 7 og * | Kapittel opp/ned |
| 9 og # | Bok opp/ned |
| 0 og Midtknapp | Vis versmeny |
| 2 | Versoppslag |
| 3 | Søk etter ord |
| Pil opp/ned | Gå linje opp/ned |
| Pil venstre/høyre | Gå skjerm opp/ned |
Etter at MobBibel er ferdig installert skal det fungere heilt fint - men bare med 1930-Bibelen som følgjer med. MobBibel kan også bruke dei andre tekstane og kryssreferansane i DataBibelen. Dei legg ein i ei mappe på minnekortet til mobilen, og fortel MobBibel kor dei ligg. Lenkene "[Døme]" viser bilde med døme på korleis det kan sjå ut.
Om du har problem bør du først forsøke ein gong til. Spør gjerne ein meir erfaren brukar om hjelp, om du kan. Det står tips for erfarne brukarar under Teknisk i Systemkrav.
Me vil gjerne ha melding om du meiner du har oppdaga feil programmet. Men me har dessverre ikkje så mykje konkret kunnskap om detaljar for overføring og starting av filer på akkurat din mobiltelefon.