DataBibelen på Mac og Linux [Til forsida]
DataBibelen kjem med eit avansert program for Windows, og eit enklare program for dei fleste store mobiltelefonar. I tillegg har DataBibelen eit eige program for Mac og Linux, som blir omtalt her.
Nedlasting av databibelen.zip |
Du treng ein datamaskin med Java installert, versjon 1.6 (heiter også versjon 6) eller nyare. Dette kan vera ein Linux-PC, ein Mac eller ein Windows-PC.
Får du melding om at din Java er for gammal kan du laste ned ny versjon gratis frå java.com. Merk at eldre Mac oppgraderer Java frå Apple, på vanleg måte for Mac.
Teknisk bakgrunn: DataBibelen for Mac og Linux er eit Java-program. Det krev altså at datamaskinen har Java installert - det har dei fleste i dag. Det kan også kjøre på Windows om PC-en har Java installert. Det likner Windows-utgåva av DataBibelen, men har litt færre funksjonar. (Windows-utgåva kan også kjøre på Mac og Linux om ein bruker eit emuleringsprogram.)
Dei fleste installerer nyaste utgåve frå Internett.
Sjå seksjon Installering av
ML_nett.jar om du vil installere alternativ versjon frå
Internett, og Manuell installering av
eldre CD om du installerer frå gammal CD.
Installering er å først installere ein fungerande demo til
maskinen. Seinare kan ein bruke eit passord ein kjøper for å utvide demoen til ein full
DataBibel. Demoen er ferdig installert når du får opp eit vindauge
liknande dette: Du installerer slik på Mac: Det kjem også eit ufarleg varsel du bare kan ignorere. For å starta DataBibelen seinare kan du bare åpne
databibelen og dobbeltklikka på db4java.jar
direkte. (Evt Ctrl-høgreklikk, velg Lag Alias, og dra aliaset
ut på skrivebordet for å få eit ikon som startar
DataBibelen direkte.) Etter denne installeringa kan du sette
inn passord for å få full DataBibel. Og du kan lese det
innebygde Hjelp-systemet for å læra deg å bruke
programmet.
Installering av passord
Utan passord har du bare installert ein liten demo. Full DataBibel og eventuelle tillegg som sangbøker du har kjøpt krev passord.
Det installerer du etter at sjølve DataBibelen har starta opp. Inni DataBibelen velger du menyvalg Hjelp / Installer tekster [Døme]. Skriv inn navn og passord (nøyaktig!), klikk OK og tillegga blir installerte.
Full instruks står også saman med navn og passord på eposten eller papirlappen du mottok.Om eit program slett ikkje vil starta, kan det vera at du ikkje har Java installert, eller har for gammal utgåve. Du kan også få melding om dette. Last i så fall ned og installer nyaste utgåve frå java.com, og forsøkt omatt.
Dersom det kjem ei lang feilmelding når du forsøker å starta db4java.jar, kan du laste ned fila db4java.command.zip. Den pakkar seg automatisk opp til db4java.command etter nedlasting. Flytt denne fila til mappa databibelen, og start ho ved å klikka mens du held nede Ctrl-knappen første gongen. Tilsvarande som det står nøyare forklart under Installering.
Merk at om du har problem vil ofte Windows-versjonen funke fint med emulering, også om det er problem med Mac-versjonen. Dessverre krev dette litt meir teknisk kunnskap å sette opp.
Full oppgradering er å kjøpe ny DataBibel. Er du registrert hos SigveSaker som brukar av DataBibelen kan du notere på bestillinga at det er ei oppgradering, så sparer du nokre kroner.
Ofte er ein nøgd med mindre oppgraderingar. Til dømes bare for å få nyaste DataBibel-program, eller ny Bibelleseplan. Det kan ein gjere gratis ved å avslutte DataBibelen og installera på nytt.
Om du etter nedlasting bare drar [Døme] ny mappe ut til skrivebordet sletter du gammal mappe. Har du installert med passord gjer du dette omatt, i ny mappe.
Ny versjon vil slette eigne etikettar, om du har slike. Dei tar du vare på slik: Før du drar ny mappe ut på skrivebordet, høgreklikker du to gonger på NAVNET til mappa databibelen som alt er på skrivebordet, og endrer navnet. T.d. til db-gammel. Installer så ny versjon slik det står over.
Når ny versjon fungerer, åpner du gammel mappe og finn alle filer dblabels. Kopier dei over til ny mappe. Neste gong du startar DataBibel skal han vera oppgradert, inkludert dine eigne etikettar.
Ta gjerne ekstra kopi(ar) av denne fila, i tilfelle datamaskinen havarerer.
Alle kan fritt laste ned ein gratis Evangeliseringsversjon (Demo) av DataBibelen på Mac og Linux. Han inneheld for tida moderne NT-tekstar og eit par gamle bibeltekstar, og ein del andre bøker som til dømes bibelleseplan. Innhaldet er omtrent det same som i Evang/demo for Windows.
For å få denne på din maskin installerer du bare DataBibelen, utan å sette inn passord for ekstra bøker. Det er ingen avgrensing på kor lenge du kan bruke demoen.
For erfarne brukarar (teknisk)
[Til forsida]Den vanlege nettsida for folk flest er no ferdig. Resten av denne sida er ekstra, teknisk informasjon som vanlege brukarar ikkje skal trenge, og gjerne heller ikkje vil forstå. Men erfarne Mac-brukarar kan synst det er interessant og/eller nyttig.
ML_nett.jar er ei eldre pakke med DataBibelen, og kan installerast på Windows, Linux og på Mac inntil versjon OSX 10.14 Mojave. Nyare Mac må bruke DataBibelen.zip. Du gjer slik:
Om du får problem vil ofte Windows-versjonen funke fint med emuleringsprogram. Dessverre kan dette krevje litt meir teknisk kunnskap å sette opp.
Manuell installering av eldre CD (teknisk)
DataBibelen kjem i dag som nedlasta pakke, installert frå Internett. DataBibel-CD versjon 6.1a (frå 2011) og nyare har rett nok eit system for installering på Mac, men problemet er at Apple i mellomtida har skifta heile java-systemet sitt, så CD-en ikkje lenger virker. På Linux (og PC) funker det heilt greitt.
Erfarne brukarar kan likevel ofte få til å installere med CD-en ved å:
Kopier alle filene i mappa Bibel frå ein gammal DataBibel-CD eller harddisken på ein annan maskin (t.d. PC eller Mac). Desse kopierer du inn til mappa på harddisken der demoen til DataBibelen du lasta ned har lagt seg. Normalt er dette mappa DataBibelen på skrivebordet, eller mappa usr/local/Bibel om du bruker det eldre ML_nett.jar.
Om du kopierer frå harddisk eller CD på ein annan maskin kan du kopiere filene med ein USB-minnepinne, nettverk, ekstern USB-harddisk, via lagring på Internett (t.d. www.box.com), e.l.
Døme på filkopiering på Mac:
Heile dette kapitlet er teknisk, og er tatt med bare for spesielt interesserte. Vanlege brukarar bruker DataBibel-versjonen laga for Mac og Linux. Dette kapitlet er bare for brukarar som vil kjøre Windows-versjonen av DataBibelen på Mac og Linux.
Både Mac og Linux (pluss nokre fleire operativsystem) kan med emuleringsprogram kjøre Windows-program som på ein PC. DataBibelen plar fungere greitt på alle slike. Dømer for Mac er Parallels, Boot Camp, VirtualPC, SoftWindows, Fusion. PC-kort i Mac fungerer også.
Ein kan laste ned nokre slike gratis:
VirtualBox - er ein heil "virtuell maskin", og
bruker mye plass
Wine - virker ikkje (våren 2020) på OSX 10.15 Catalina
Når dei er installert og fungerer, skal installering og kjøring av DataBibelen fungere som på Windows, altså som det står i handboka. Ved problem med Wine kan du forsøke å gå til rett mappe (viktig!) i eit terminalvindauge, og starte Wine med programnavnet, t.d. "wine gs4win32.exe" (startar DataBibelen etter installering).
Skulle sjølve installeringa skjære seg går det an å installere til ein PC og kopiere mappa Bibel frå PC-harddisken til din maskin, eller direkte frå CD-en om du har eldre DataBibel.
Ekstraprogram: Saman med DataBibelen for Windows kjem det også nokre ekstra småprogram: Mannakorn som viser bibelvers med faste tidsintervall, skjermsparar som viser bibelvers, og eit lite bibelspel. Desse er reine Windows-program, og kjører dessverre ikkje direkte på Mac/Linux, men burde fungere med emulator.