: Lisensreglar

Ei programpakke kan du til eige bruk installere på inntil to datamaskinar du disponerer. Organisasjonar kan la to lønna medarbeidarar installere programmet på ein stasjonær maskin kvar på jobben, om dei svært sjeldan vil bruke det samstundes.

Dersom programmet skal brukast på fleire datamaskinar enn dette, er det oftast best å kjøpe ein fleirbrukarlisens. Her er ei oversikt over kva dei vanlegaste fleirbrukarlisensane kostar:
 
BRUKARAR GRUNNPRIS
1 x 1
5 x 2
10 x 3
25 x 4

Altså: Om du vil ha lisens til 10 datamaskinar, må du betale tre gonger grunnprisen. Dette antalet gjeld maskinar innan eit bygningskompleks. I tillegg kan dei som bruker programmet på ein stasjonær PC på jobb også installere det heime, dersom det garantert blir sletta når dei slutter.

Skular kan vidare leggja fleirbrukarlisensar inn på to reine elevmaskinar for kvar brukarlisens. Ein 10-lisens dekkjer m.a.o. 10 vanlege PCar og i tillegg 20 elev-PCar på skulen.

I tillegg til fleirbrukarlisensane ovanfor kan ein kjøpe spesiallisensar, t.d. for alle skulane i ein kommune, eller alle forkynnarane i eit kyrkjesamfunn.
 


Hovudside