På denne sida er det samla og omarbeidd utdrag av info-brev som SigveSaker har sendt ut tidlegare. Om du ynskjer å få tilsendt slik informasjon kan du registrere deg i Registreringsskjemaet.
Salg av dataprogram og gåver har til no samla inn over 3,1 millionar til Bibel-spreiing blant muslimar, og me har spreidd over 39.500 gratisversjonar på diskettar og via Internett. Takk til alle dei som har vore med på å støtta dette arbeidet.
Ny DataBibel-CD har med Bibel 2011 på bokmål og
nynorsk. Interesserte kan bruke lenka "Bestilling" på www.DataBibelen.no
Merk: Ny CD installerer og kjører også på
Mac og Linux.
Oppgradering frå gammal DataBibel koster kr 390 med mva/frakt. Dette inkluderer CD-tillegget (krev passord) om du står i adresselista vår med dette. Send ellers passordet i bestillinga.
Har du ikkje Tillegget, men ynskjer å bestille det saman med oppgraderinga, kostar det til saman kr 750 med mva/frakt. Oversikt over innhaldet i Tillegget står nederst på DataBibelen.no/dbcdlist.htm
Er du registrert i adresselista med CD-versjon "6.0b" kostar oppgradering kr 270 med mva/frakt, oppgradering+Tillegg kr 650.
Bibelleseplanen frå www.VerbumForlag.no får me også i år
bruke i DataBibelen. Papirutgåver får ein i bokhandlar og frå
www.bibelbok.no. Me har lagt ut Bibelleseplanen for 2012
pluss kyrkjeårets tekstrekker for 2011-13 i nedlastinga
www.sigvesaker.no/filer/gs4wtest.exe (2 MB)
I same slengen får de installert dei nye tekstrekkene frå 2011.
Sjå framme i tekstane for brukstips.
Bruk menyvalg HJELP / OPPGRADER PROGRAM i sjølve DataBibelen, om valget finst. Om ikkje laster du ned fila og startar ho.
SigveSaker får ein del invitasjonar til sosiale nettverk som Google+, Facebook, LinkedIn, osv. Takk for desse, men då eg bare ser dei som fleire ting eg må sjekke i tillegg til vanleg strømpost, er det inntil vidare ikkje interessant å vera med.
DataBibelen For Java kjører også på Linux og Mac, sjå
www.sigvesaker.no/db_java.htm
På nettsida er det lagt ut ny utgåve, med nokre feil retta.
Sei gjerne frå om du framleis har problem med den nye utgåva.
Merk at nettstaden har fått betre info om andre datamaskinar,
på www.sigvesaker.no
er han under "Mac/Linux" i menyen.
DataBibelen har enkle funksjonar for å styre storskjerm (prosjektor). Gratisprogrammet Songview er meir avansert, og DataBibelen kan overføre heile songar om gongen til dette, eitt vers på kvart bilde. (Slik bruk er sjølvsagt underlagt vanlege lover for kopiering.) SongView har no komme i ny utgåve, som også kan spela av videoar: www.logos-solutions.org.uk/
MobBibel er eit enkelt bibelprogram me har hatt sidan 2006 for
mobiltelefonar o.l. som har Java. Ei gratis utgåve for Android
har vore testa sidan i fjor, interesserte kan lese meir på
www.SigveSaker.no/mobbibel.htm
Nokre brukarar mistar eller skadar sin CD. Kjenner dei andre med DataBibelen kan dei lovleg installere eller kopiere deira CD. Føresetnaden er sjølvsagt at dei sjølv har kjøpt ein lovleg CD, og at dei ikkje kopierer nyare eller større versjon enn sin eigen.
Fleirbrukarlisensar kan inkludere heime-maskinane til brukarane. Då vil dei utan vidare kostnadar også inkludere MobBibel (sjå mobbibel.htm), som kjører på mange store mobiltelefonar.
DataBibelen blir levert på CD. Etter kvart har det komme nokre små PC-ar utan CD-stasjon. For desse kan ein installere til ein vanleg PC, kopiere mappa \BIBEL frå denne med nettverk eller minnepinne til PC-en utan CD, og til slutt laste ned og installere den gratis demoen frå heimesida, for å få start-ikon.
Mange bruker no 64-bits utgåver av Windows. Desse støtter ikkje eldre DataBibel-utgåver enn "2003c". Grunnpakka (utan passord) kan likevel installerast manuelt; ved at ein kopierer mappa \BIBEL frå CD-en over til harddisken, og så lastar ned og installer demoen frå heimesida oppå for å opprette ikon å starte programmet med.
Dette fungerer ikkje om du vil installere tillegg med passord. Men du kan installere til ein eldre PC, kopiere mappa \BIBEL til ny PC til harddisken, og så laste ned og installer demoen frå heimesida oppå for å opprette ikon å starte programmet med.
Alternativet er å oppgradere, til kr 390 med mva/frakt. Dette inkluderer CD-tillegget om du har det frå før. Oversikten over kva DataBibelen inneheld i dag er på: dbcdlist.htm. Som de ser får de då ei mykje større pakke enn før.
Om du ikkje har CD-tillegget frå før, og ynskjer å kjøpe det samstundes med ei oppgradering, koster oppgradering pluss Tillegget kr 750 med mva/frakt. Oversikt over innhaldet i Tillegget står nederst på same innhaldsliste.
I ny og ne ber me folk sei frå om dei ikkje lenger ynskjer å motta desse infobreva - me ynskjer bare glade mottakarar. Sei frå om det bare er info-epostane du ikkje ynskjer, eller om du vil bli sletta heilt frå databasen vår.
Me sletter epostar som returnerer med feil to gonger etter kvarandre. Send gjerne inn alternative adressar om du har fleire, så bruker me dei som reserve om vanleg adresse feiler.
Butikkar som framleis har "DataBibelen 5.9" eller eldre på lager (står på sjølve CD-plata) kan få bytta til nyaste utgåve.
Eg har fått høyre at gmail stopper infobreva
våre som søppel. For å unngå dette
kvitlister de SigveSaker slik, på gmail si vanlege
nettside:
* Velg lenka "Opprett et filter" (til høgre for søkefelt)
* Skriv ordet sigvesaker i feltet "Fra:"
* Klikk på knappen "Neste trinn >>"
* Merk av handling "Send det aldri til nettsøppelmappen"
* Klikk på knappen "Opprett filter"
Siste infobreva vil då ligge i mappa "Nettsøppel", under lenka
"6 flere". Om de ikkje finn lenkene eg nevner kan de bruke
menyvalget Rediger / Søk i nettlesaren for å
søke dei opp.
SigveSaker informerte i 2007 om bruk av musikk i kyrkjesamfunn. Det står lenger nede på denne sida.
Det kjem også spørsmål om det er lovleg
å bruke tekst frå DataBibelen saman med projektor,
og å kopiere opp teksten.
Til dette har me funne nettsidene (som har lenker vidare):
www.kopinor.no/brukere/kirker-trossamfunn/den-norske-kirke
www.kopinor.no/brukere/kirker-trossamfunn/norges-kristne-rad
SigveSaker har dessverre lite juridisk kompetanse, men tolker avtalane som at i vanlege samlingar i kyrkjelydane som er del av avtalane, kan ein bruke vers "med fornuft". Altså ikkje for mykje om gongen, og ikkje slik at dette kjem i staden for innkjøp av t.d. sangbøker. Hugs: Ein skal ALLTID oppgje kjelde.
Folk spør nokre gonger om å få tilgang til gamle nedlastingar. Alle desse blir lagt på same filnavn, slik at gamle blir sletta. Me tar ikkje eingong vare på gamle nedlastingar sjølv. Så det ein korkje finn på heimesida under "Nedlasting" eller via "Info-brev" er dessverre ikkje lengre tilgjengeleg. Om ein kjøper oppgradering av DataBibelen får ein sjølvsagt med alt dette, pluss tekstane som IKKJE vart lagt ut til nedlasting.
Lydbokforlaget.no selger Nytestamentet NT05 nynorsk som nedlastbare MP3-filer. Dei koster kr 399, og ein finn dei under "Alle titler" som "Det nye testamentet (nynorsk)". DataBibelen har no fått ein tekst som kan spele av desse MP3-filene.
Det er eigne lover for offentlig bruk av verk med kopirettar,
også i kyrkjelydar. Sjå www.tono.no.
SigveSaker har lite juridisk kompetanse til å svare
på spørsmåla me får om dette, men på
http://www.tono.no/Kunde/TONO-vederlaget/Fremf%C3%B8ringsomr%C3%A5der/Musikk+i+kirken
står det:
"Den norske stat betaler et vederlag til TONO for all musikkbruk
i kirkene ... ved arrangementer med forkynnelse og fri
entré."
Boka og filmen "Da Vinci-koden" er aktuell i desse dagar. Det er skrive fleire bøker som imøtegår feilaktige påstandar der, mellom anna "Da Vinci dekodet" av Bjørn Are Davidsen. Ein norsk nettstad om dette emnet er davincikoden.info. Dei som har DataBibel 2003 eller nyare vil i gruppa Trosforsvar finne "Da kvinnen fikk sjel" av same forfattar, som omhandlar nokre av dei same emna, utan å nevne Da Vinci-koden spesifikt.
Dette gjeld bare programmerarar som alt har laga eit anna program dei ynskjer skal samarbeida med DataBibel-programmet. Om me får i stand eit formelt samarbeid kan SigveSaker levere dokumentasjon på korleis DataBibelen kan kommunisere med andre program via såkalla DDE-kommunikasjon.
Eg får spørsmål frå skular om ein såkalla "databibel" som dei får tilsendt utan å ha bedt om det, saman med ei rekning. Dei som vil ha bakgrunnsinfo om dette kan lese avisutklipp på sg_info.htm