DataBibelen Mobil [Til forsida]


Last ned gratis frå Google Play

DataBibelen er eit program for Windows, Mac og Linux. DataBibelen Mobil er eit enklare program for mobiltelefonar, lesebrett, osv. som kjører Android. Det kan bruke alle dei same tekstane som DataBibelen, og vise bibelvers, søke etter ord, osv.

DataBibelen Mobil fungerer som Evangeliseringsversjon og (demo). Alle interesserte kan fritt laste ned og bruke programmet, og lese i Bibelen utan avgrensingar. Programpakka har sjølve programmet og omtrent dei same tekstane som Evang/demo for Windows. Dette inkluderer Biblane frå 1930 (bokmål) og 1921 (nynorsk), nokre moderne Nytestamente, Bibelleseplan, og nokre andre tekstar.

Framgangsmåte: Ein installerer sjølve programpakka DataBibelen Mobil på mobilen sin - ho fungerer fint som ho er. Deretter kan dei som har kjøpt den vanlege DataBibelen bruke det same passordet og pakke opp dei same tekstane (sangbøker, bibelkommentarar, andaktsbøker, osv.), eller sjølv overføre tekstar frå datamaskinen til mobilen sin.

Sida Spørsmål har eigen seksjon med svar på dei vanlegaste spørsmåla om mobiltelefonar.


Innhaldsliste

  1. Systemkrav
  2. Funksjonar
  3. Installere programmet
  4. Installere passord
  5. Brukarstøtte
    (Tekniske emner for spesielt interesserte:)
  6. Overføring av fleire Biblar og tekstar
  7. Eldre mobiltelefonar


Systemkrav

For å bruke DataBibelen Mobil trengst ein mobiltelefon eller brett som kjører Android versjon 4.0.32.2 eller nyare. Les Eldre mobiltelefonar om du har eldre Android, eller ikkje har Internett på din "dings".

DataBibelen Mobil er eit Java-program. iPhone, iPad, osv. mangler dessverre Java, og kan derfor ikkje kjøre DataBibelen Mobil. OliveTree lagar eit anna program BibleReader. Det kan ikkje bruke tekstane frå DataBibelen direkte, men ein kan kjøpe nokre norske Biblar til det. Det kjører på "alle" store mobiltelefonar.


Funksjonar

DataBibelen Mobil har desse hovudfunksjonane:


Installere programmet

Oppstartsskjerm til DataBibelen Mobil

Installering av DataBibelen Mobil er ganske enkelt å overføre programmet DataBibelen Mobil frå Google Play til din mobil, og starta det. Når du får opp noko som likner bildet til venstre er DataBibelen Mobil ferdig installert.

Nedanfor er ei meir detaljert forklaring. Når det står "[Døme]" kan du hente opp bilde med døme på korleis det kan sjå ut. Merk at menyar og slikt kan sjå ganske ulikt ut alt etter kva maskin du kjører på, men dømene er vonleg til hjelp.

  1. Frå menyen på Android-telefonen, åpne Play Butikk [Døme].
  2. Søk etter "DataBibelen Mobil" (Bruk forstørringsglas for å søka) [Døme].
  3. Finn "DataBibelen Mobil" i funnlista, og velg å installere [Døme].
  4. Når nedlastinga til mobilen er ferdig kan du åpne DataBibelen Mobil frå hovudmenyen i mobilen din, velge språk og få startskjermen.

Tilgang til funksjonane - t.d. ordsøk eller versoppslag - får du med Meny-knappen til apparatet [Døme]. Inni menyen har du også Hjelp der du kan læra deg å bruka programmet. [Døme]


Installere passord

Etter at DataBibelen Mobil fungerer vil dei fleste som har kjøpt DataBibelen ønska å installere fleire tekstar med passordet til den vanlege DataBibelen. Så om du t.d. har kjøpt ei sangbok til den vanlege DataBibelen, kan du også bruke dette passordet for å installere sangbok-teksten på mobilen din.

For å legge inn navn og passord startar du DataBibelen Mobil og går inn i Meny [Døme]. Der bruker du Gå til tekst [Døme] eller Hjelp/Om [Døme]. Har din mobil ikoner kan Meny vera ein ring med trekant/nedoverpil, og Gå til tekst kan vera ein Bibel med spørjeteikn.

Inne begge desse menyvalga skal det finnast valg for å installera Fleire tekstar. Start det og du får opp to felt for å skrive inn navn og passord du har fått til den vanlege DataBibelen. Deretter skal programmet hente ned og installere tekstane automatisk. Neste gong du startar DataBibelen Mobil skal tekstane ha komme inn i Gå til tekst [Døme], på dei to flikane for Biblar og Andre tekstar (andaktsbøker, sangbøker, osv).


Brukarstøtte

Me har dessverre ikkje så mykje konkret kunnskap om detaljar for overføring og starting av filer på akkurat din mobiltelefon. Men vil gjerne ha melding om du meiner du har oppdaga feil i sjølve programmet.

Generelle tips: Ved problem bør ein alltid først forsøke ein gong til. Og gjerne etter å ha foretatt omstart av utstyret - det hjelper oftare enn ein skulle tru. Virker det likevel ikkje er det kjekt om du kan spørje ein meir erfaren brukar om hjelp, om ein slik er tilgjengeleg.

Om det likevel ikkje går kan du forsøke å sende ein strømpost (e-post) til SigveSaker. Forsøk å ta med så mykje relevant info du kjem på - kva utstyr du har, kva du gjorde, kva som skjedde, kva du ville skulle skje.

Send systeminfo til SigveSaker

Dersom DataBibelen Mobil startar opp kan du forsøke å sende informasjon om mobilen til SigveSaker - hugs å skrive dette i strømposten. Slik systeminfo sender ein med menyvalg Meny [Døme] / Hjelp/Om [Døme] / Systeminformasjon. Nederst er det ein knapp Send til SigveSaker som du bruker.



Her er slutten på sida for folk flest, no kjem ekstra info spesielt for folk med eldre mobilar eller eldre DataBibel-versjonar.


Overføring av fleire Biblar og tekstar

Etter at DataBibelen Mobil er ferdig installert skal det fungere heilt fint - men bare med tekstane som følgjer med. Om du har kjø pt eit passord til den vanlege DataBibelen er det vanlegvis enklast å installere ekstra tekstar på din mobil med dette.

Vil du sjølv overføre Biblar og tekstar frå DataBibel-CD-en treng du ein datamaskin med CD-lesar, og ein måte å overføre filer til mobilen. Dette kan til dømes vera at mobilen har laust minnekort du kan ta ut og plugge inn i datamaskinen, eller ein USB-kabel og program for overføring.

DataBibelen med mange ekstra tekstar tar ganske mykje plass, og kan godt overførast til ekstra minnekort om det finst.

Du overfører tekstar frå datamaskinen din til ei mappe på minnekortet til mobilen, og fortel DataBibelen Mobil kor han finn dei. Nedanfor er ei meir detaljert forklaring. Når det står "[Døme]" kan du hente opp bilde med døme på korleis det kan sjå ut.

Tips for eldre Android: Om din mobil har to minnekort hender det at det interne blir fullt. Etter at dei nye tekstane på det eksterne kortet fungerer kan du flytte alle filene frå mappa på internt kort til mappa på det eksterne for å frigjere plass.

Skulle DataBibelen Mobil IKKJE finne dei nye tekstane, har me her eit par tips om kva som plar vera problemet:

  1. Forsøk å stille inn mappa for ekstra tekstar sjølv. Om Meny / Innstillingar [Døme] / Mappe for ekstra filer er tomt eller viser feil mappe bruker du Velg ... [Døme] og naviger deg INN I (viktig!) mappa bibel du oppretta på minnekortet (t.d. kalla sdcard). Inni mappa bibel velger du å bruka denne [Døme], ser etterpå at mappa er satt rett, og velger Lagre [Døme]. Ved neste oppstart skal det virke.

  2. Nokre mobiltelefonar har to minnekort - eitt fastmontert som t.d heiter /sdcard0, og eitt uttakbart som t.d. heiter /sdcard1. DataBibelen Mobil kan då legge seg i /sdcard0/bibel, og du legg dei ekstra filene på /sdcard1/bibel. Når du så skal stille inn rett mappe for ekstra filer ser du ikkje at det står /sdcard0/bibel med "0" i staden for /sdcard1/bibel med "1".

  3. Nokre mobiltelefonar finn ikkje dei nye filene du faktisk har overført før kabelen er kobla frå, og mobilen er heilt slått av og på - nokre gonger må ein faktisk også heilt ta ut batteriet.

Skulle det likevel ikkje fungere kan det vera til hjelp å sende inn systeminformasjon og sei frå til SigveSaker når det er gjort. Du sender systeminfo i menyvalg
Meny / Hjelp/om / Systeminfo / Send til Sigvesaker / OK


Eldre mobiltelefonar

Dette kapitlet treng ikkje brukarar flest lese. Det er bare for dei som ikkje kan bruke den vanlege DataBibelen Mobil. Det er også stila til meir tekniske brukarar, og er mindre detaljert forklart.

Android-brukarar utan Internett

Vanleg installering går ut på laste ned DataBibelen Mobil frå Play Butikk til mobilen. Pussig nok får ein ikkje laste ned programmer frå Play Butikk til ein PC, for så å overføre det til mobilen. Dei som ikkje har Internett på Android-dingsen sin kan her laste ned programmet db_mobil.apk frå SigveSaker.

Etter nedlasting overfører du fila til mobilen tilsvarande som forklart i Overføring av fleire Biblar og tekstar. Deretter må du på mobilen gå inn på "Mine filer", bla deg fram til overført fil, og trykk på ho for å installere. Det kan komme nokre varsel du må handtere.

Eldre Android

Har du eldre Android enn det som krevst i Systemkrav får du ikkje installert DataBibelen Mobil frå Play Butikk. For desse brukarane har me nokre eldre utgåver liggande til nedlasting. Dei må dessverre installerast manuelt, slik det står litt om i Android-brukarar utan Internett ovanfor.

  • dbm_a403.apk DBm versjon 5.11.1 for Android 4.0.3 og nyare.
  • dbm_a22.apk for Android 2.2.
  • dbm_a21.apk for Android 2.1.
  • dbm_a20.apk for Android 2.0. (Det kan vera han også fungerer på 1.6, ikkje testa)



    Tilbake til forsida