DataBibelen er eit program for Windows, men kan brukast på Mac og Linux på to måtar:
Mac, og dei fleste Linux og Windows, har eit program kalla Java installert. SigveSaker har difor laga DataBibelen for Java som er nesten lik Windows-utgåva, og kjører på alle tre system.
Både Mac og Linux (pluss nokre fleire) kan med "emuleringsprogram" kjøre Windows-program som på ein PC. DataBibelen plar fungere greitt på alle slike. Dømer for Mac er Parallels, Boot Camp, VirtualPC, SoftWindows, Fusion. PC-kort i Mac fungerer også.
Felles for emuleringsutstyret nevnt ovanfor er at det kostar pengar. I tillegg finst programmet Wine, som er gratis. Det fungerer fint med DataBibelen, og på mange Linux-versjonar går installering av Wine utan problem, med nokre få tastetrykk. Det skal visstnok også fungere på Mac, men me har ikkje fått tilbakemelding om dette.
Resten av denne sida er tips for bruk av Wine. Ved trøbbel kan du forsøke å lese i dokumentasjonen til Wine, eller spør ein meir erfaren brukar om hjelp.
Installering av DataBibelen
Installering av DataBibelen til harddisken forsøker du å gjera på vanlig
måte ved å starta installeringa, som i Windows. Start cdmeny.exe på
den kjøpte DataBibel-CD-en, eller
dbgsdemo.exe om du har lasta ned demoen. Demoen er gratis, så det kan vera kjekt å
teste med denne først.
Skulle installering skjære seg går det an å installere til ein PC og kopiere mappa Bibel på PC-harddisken til din maskin, eller direkte fra CD-en om du har kjøpt denne.
Kjøring av DataBibelen
Om du etter installeringa får lenker (ikon) på skrivebordet, skal minst
eitt av dei starte DataBibelen. Du kan få litt skumle varsel, som du
ignorerer. Bare slett lenker som ikkje fungerer.
Om du sjølv må oppretta lenke for å starta DataBibelen, er det viktige å få starta fila GS4WIN32.EXE i mappa Bibel. Framgangsmåten for dette varierer frå maskin til maskin. På Windows kan ein høgreklikke på fila og velge Send til / Skrivebord. Sjå evt i dokumentasjonen til maskinen din.
Om Wine ikkje vil starte programmer
Det finst mange ulike Linux, og i alle fall før i tida ville nokre
ikkje starte Windows-program direkte. I så fall må ein sjølv gå til rett
mappe (Bibel) og starte Wine med programnavnet som
tilleggsinformasjon (parameter), slik:
wine CDMENY.EXE (installere CD-en)
wine DBGSDEMO.EXE (installere demoen)
wine GS4WIN32.EXE (starta DataBibelen)
Denne siste kan du også bruke for å starta DataBibelen om du ikkje får
til å laga lenke på skrivebordet.
Opphaveleg side om Linux skrive av Oddmund Nordgård. Send gjerne en epost til oddmund.nordgard@lyse.net om du har spørsmål til dette.