Innhaldsliste
Den vanlege DataBibelen kjører på PC-ar med Windows, og andre maskinar som kan "emulere" Windows, som Linux og Mac. Og det finst eit mykje enklare program MobBibel for store mobiltelefonar og andre små "dingsar".
I tillegg finst no DataBibelen for Java som kjører på både Windows, Linux og Mac, bare dei har installert Java (det har dei fleste). Programmet har dei fleste av dei same funksjonane som den vanlege DataBibelen, og bruker dei same tekstane, sjå gjerne på skjermbilder frå denne.
DataBibel-CD versjon 6.1 frå 2011 og nyare har med eit installasjonsprogram for Mac og Linux. Har du ein slik CD treng du vanlegvis ikkje lese meir enn denne seksjonen, resten av denne nettsida er mest bakgrunnsinformasjon og info for dei som vil installere manualt frå eldre CD-ar.
For å installere CD-en på Mac og Linux startar ein programmet MacLinux.jar på vanleg måte for din datamaskin. Døme frå Mac:
For å bruke DataBibelen for Java treng du:
Denne seksjonen er mest for dei med eldre CD-ar, som vil
installere manuelt. Normalt vil det vera nok å kopiere
inn tekstfiler frå DataBibelen til eigen harddisk, laste
ned fila db4java.jar til
same mappe, og så evt opprette ikon for å starta
denne fila. Når du får fram eit vindu liknande
dette
er installeringa ferdig, og du kan lese det innebygde
Hjelp-systemet for å læra deg å bruke
programmet.
Tekstane må du legge i ei mappe på harddisken din. Tekstfiler kan du få tak i anten ved å kjøpe DataBibel-CD-en (ca 150 Biblar og andre tekstar), eller å lasta ned den gratis demoen (ca 20 tekstar).
Demoen er ein fin måte å teste DataBibelen på, men det er eit reint Windows-program. Det må først installerast til ein vanleg PC, eller ved hjelp av eit emuleringsprogram. Deretter kan du eventuelt kopiere heile den installerte mappa Bibel til din eigen maskin med minnepinne, nettverk, e.l.
Har du kjøpt CD-utgåva utan Tillegg ("Grunnutgåva") kan du sjølv ganske enkelt kopiere heile mappa Bibel frå DataBibel-CD-en til harddisken din, og tekstane er ferdig installerte.
Eventuelle tillegg du har kjøpt til DataBibelen (krev passord)
kan installerast innanfrå sjølve DataBibelen, når denne
er ferdig installert. Du skriv inn navn og passord i menyvalg Hjelp
/ Installer tekster, og tillegga blir installerte.
Har du kopiert mappa Bibel direkte frå CD-en, kan du
også måtta kopiere filene i mappa Modules på
CD-en inn i Bibel på harddisken før det fungerer.
Kopierer du frå ein PC skal du ikkje trenge dette.
Merk at det er opphavsrett på DataBibelen, det er ikkje lov å gje tekstar frå denne vidare til andre.
Når du har fått installert tekstane til eigen harddisk lastar du ned fila db4java.jar og lagrar ho i same mappe Bibel du oppretta på harddisken din.
Forsøk så å starta den nedlasta fila på vanleg måte for din maskin. Normalt treng ein bare klikke på ho. Ho skal starta opp og vise eit vindu som bildet ovanfor. Installeringa er då ferdig.
For å gjera det enklare å starte DataBibelen seinare er det best om du også opprettar ikon å starta fila med. Framgangsmåten for dette varierer, sjå evt i dokumentasjonen til maskinen din. På Windows treng ein bare høgreklikke på fila og velge Send til / Skrivebord.
Feilsøking:
Her er samla ymse tips til feilsøking, skrive for erfarne brukarar.
Dei fleste vil ikkje trenge å lese desse.
Om db4java.jar startar, men gjev feilmelding om at han ikkje finn tekstfiler, har du ikkje lagt fila i Bibel saman med tekstane.
Om db4java.jar ikkje startar når du klikker på ho, kan det vera at du ikkje har Java installert, eller har for gammal utgåve. Last ned nyaste utgåve frå http: //java.com/getjava, og start deretter nedlasta fil for å installere. Forsøk så å starta db4java.jar omatt.
Om db4java.jar ikkje vil starta etter at du har lasta ned og installert
(!) nyaste Java-utgåve, blir det meir teknisk. Åpne eit såkalla
terminal-vindu i Bibel, og skriv inn kommandoen:
java -jar db4java.jar
Om kommandoen fungerer legg du han inn i eit start-ikon du
oppretter, og installeringa er ferdig.
Ved problem er feilen normalt at filene ikkje ligg i same mappe, eller gammal/manglande Java. Men skulle det likevel ikkje gå etter dette er fiksa plar du få ei feilmelding. Skjøner du denne kan du kanskje rette problemet, om ikkje sender du han til SigveSaker for fiksing.
Ikkje alle funksjonane i Windows-utgåva er laga i DataBibelen for Java enno, dette treng me ikkje melding om. Men me vil gjerne ha tilbakemelding om noko i programmet ikkje fungerer som venta.