Tips for blinde [Til forsida]
Røynsler frå ein blind brukar
Av Magne Bjørndal (juni 2017)

Dette dokumentet kjem med nokre råd om korleis DataBibelen kan brukast i lag med skjermlesar - altså program som gjev synshemma tilgang til det som visest på dataskjermen, (sjå meir her).

Eg er blind og bruker Jaws som skjermlesar, og tek utgangspunkt i den. Avgrensa testing tyder på at DataBibelen òg vil fungera med andre skjermlesarar.

For nokre av kommandoane som vert nemnde kan det vera fleire alternativ, som t.d. at både Ctrl-W og Ctrl-F4 lukkar eit vindauge. For å gjera det enkelt, nemner eg berre eitt av alternativa.

Gløymer du ein kommando, kan du leita i menyen som kjem opp når du trykkjer Alt-tasten.

Dokumentet byggjer på mine erfaringar. Viss lesarar har andre nyttige tips kan dei kontakta SigveSaker, så kan det eventuelt koma med i ei revidert utgåve.

Ein ting om gongen

Noko av funksjonaliteten til DataBibelen byggjer på at ein kan finna samanhengar mellom ulike tekstar. Det kan vera salmevers som vert assosierte med ein bibeltekst, eller korleis ein bibelkommentar tolkar ein tekst. Slike samanhengar får du oftast fram ved å trykkja F4. Då kjem det opp ei lenkjeliste som du kan pila opp og ned i, og velja frå med Enter. Mykje nyttig kan koma fram her, m.a. kan du høyra melodiar når du er i ei song- eller salmebok.

I slike tilfelle vil du oppleva at fleire vindauge kjem opp på skjermen. Jaws oppfattar ikkje at det er fleire vindauge, og "sausar saman" innhaldet på ein måte som berre forvirrar.

Du kan bruka desse koplingane, men bør alltid lata att det eller dei vindaugene du ikkje arbeider med akkurat no. Dette gjer du med Ctrl-W. Eller du kan maksimera vindauget så det dekkjer dei andre.

Om du likevel vil ha fleire vindauge opne, trur eg horisontal deling fungerer betre enn vertikal deling. Dette veljer du under Vindauge - Alt-U i menyen. Du kan veksla mellom opne vindauge med Ctrl-F6.

Det kan vera lurt å lukka alle vindauge med Ctrl-W når du startar ei ny arbeidsøkt. Deretter opnar du den boka du skal arbeida med - Ctrl-B for Bibel, Ctrl-T for andre tekstar. Her blar du i lista som kjem opp med piltastar, og veljer med Enter.

Finna det du leitar etter

Med F2 kan du søkja på alt innhald i den boka du er i - t.d. ei bibelutgåve.

Dermed kan du òg søkja på eit bestemt vers, t.d. Johannes-evangeliet kapittel 3 vers 16 - skriv joh 3 16.

Merk at ein kan bruka fleire ulike forkortingar for bøkene i Bibelen. Til dømes kan Romarbrevet forkortast Rom eller rmr. Liste over forkortingar finst i Hjelp (trykk F1), under Rediger: Ekspertsøk.

I tillegg til F2, kan du i Innstillingar, Oppstart velgja at også mellomromstasten skal vera søkjetast.

Skulle du ikkje hugsa forkortinga, eller du vil slå opp eit songnummer, kan du søkja med Alt-F2. Då blar du i lista som kjem opp med piltastar, eller skriv deler eller heile talet eller ordet du vil slå opp. Trykk Enter når du har pila opp/ned til det du vil slå opp.

Lesa tekst

DataBibelen har eit versmerke øvst i det verset du no kan lesa eller merka. Det fungerer omtrent som markøren - skrivemerket - i andre program. Jaws oppfattar det ikkje alltid slik, og difor kan det vera utfordrande å vita kvar du er, og å lesa tekst i samanheng.

Du kan lesa ved å bruka blatastane på leselista, eller med Jaws-markør - MINUS på det numeriske tastaturet. Du kjem tilbake til PC-markør med PLUSS på det numeriske tastaturet.

Dei som ikkje brukar skjermlesar, kan med Pil-ned bla vers for vers til botnen av skjermen, og deretter line for line. Jaws heng ikkje heilt med på dette, så det kan vera smartare å bla vers for vers med Ctrl-PageDown.

Songar er som standard sett opp med verseliner under kvarandre. Dette gjeld òg deler av andre tekstar, m.a. deler av nokre Bibel-utgåver - oftast poesi, som Salmane. Dette kan endrast ved å trykkja skråstrek (/). Dette er nyttig viss du seinare skal skriva teksten ut i punktskrift, og vil spara plass ved å skilja verselinene med skråstrek.

For å få mindre "grums" på skjermen, kan du fjerna grafiske element som verktøyliner og rullefelt. I menyvalg Innstillingar / Innhald slår du av dei tri første valga, som startar med "Vis ...". Det finst òg ein eigen oppstartsparameter (-blind), som får programmet til å starta utan slike element.

Merka og kopiera tekst

Med venstrepil merker du det verset som markøren står på, og flyttar versmerket til starten på neste vers. Skal du merka fleire vers, trykkjer du Venstrepil fleire gonger.

Jaws fortel deg ikkje kva som har vorte merkt, så av og til er det utfordrande å vita når du har merkt nok. Viss du veit kor mange vers du skal merka, er det jo berre å telja. Viss ikkje, kan du merka så mange vers at du er sikker på at du har fått med deg alt. Eit tredje alternativ er å bruka Merk alt: Ctrl-A. Den kommandoen merker omtrent 30.000 teikn.

Når du er ferdig, kopierer du den merkte teksten til utklippstavla med Ctrl-C, og limer den inn i eit skriveprogram (t.d. Word) med Ctrl-V. Viss du merkte meir tekst enn du hadde bruk for, kan du no sletta det som er til overs.

Skal du berre kopiera eitt vers eller avsnitt, kan du trykkja Ctrl-C på teksten du vil ha utan å merka han, og gå til skriveprogrammet og lima inn.

I songbøker kan du merka og kopiera ein heil song/salme med Ctrl-E. Denne kommandoen er eigentleg tenkt for å lima songar inn i programmet Songview, som vert brukt for å visa tekst på storskjerm. Difor er det fast sideskift mellom versa, og viss songen har omkvede - refreng - vert dette teke opp att for kvart vers.

I Word kan sideskifta fjernast ved å søkja etter Circumflex-m (Shift + tasten til høgre for Å - ^m). Viss du brukar leselist når du syng, kan omkveda stå. Skal songane derimot skrivast ut på papir, kan du fjerna dei omkveda du ikkje treng.

Å lima tekst inn i eit skriveprogram er nyttig til det same for oss som for alle andre. Du kan setja bibelteksten inn i manuskriptet til ein andakt du skal halda, eller få med deg salmane som skal syngjast på ei gudsteneste. Fordi det ikkje er så enkelt å navigera i DataBibelen, er dette i tillegg òg praktisk når du berre skal lesa teksten, og ikkje gjera noko spesielt med den. I skriveprogrammet navigerer du slik du er van med å gjera i andre dokument.

Merk elles at det gjeld opphavsrettslege reglar for kor mykje tekst du kan kopiera, og kva du kan bruka han til.

Til slutt

DataBibelen er ein nyttig reiskap, ikkje minst for blinde og svaksynte. Vi kan bruka Bibelen, songbøker, og mykje anna som vi elles ikkje ville hatt tilgang til. Siktemålet med dette dokumentet var ikkje å læra deg å bruka denne reiskapen, berre å koma med nokre hint om korleis vi får best mogleg nytte av han. Den beste måten å læra programmet på, er nok å bruka det innebygde Hjelp-systemet.

Merk at hjelpetekstane er organisert omtrent som DataBibelen elles, så her òg kan det løna seg å merka det du vil lesa om, kopiera, og lima det inn i eit skriveprogram.

Eg lærte mykje av å skriva dette dokumentet, og vonar du lærte noko av å lesa det.
Lukke til vidare med DataBibelen!


Tilbake til forsida