BibleReader frå Olivetree.com [Til forsida]

DataBibelen Mobil

Sjølve DataBibelen er laga for vanlege PC-ar med Windows, og kan kjørast på Mac og Linux. I tillegg finst eit enklare program DataBibelen Mobil for "dingsar" (mobiltelefonar, lesebrett, osv.) som går på Android. Dette programmet bruker dei same tekstane som DataBibelen, så kjøparar av DataBibelen ikkje treng å kjøpe dei omatt for mobiltelefonen.

Sjølv om ein les på Internett at folk får både vanleg Java og Android-java til å kjøre på iPhone, er dette dessverre ikkje støtta av Apple. Og DataBibelen Mobil må ha Java for å kjøre, så derfor virker programmet dessverre ikkje på iPhone, iPad, osv. Dei kan kjøre BibleReader, sjå under.

BibleReader på iPhone, iPad, etc

SigveSaker samarbeider med www.OliveTree.com. Dei lagar bibelprogrammet BibleReader. Det kjører på mange ulike typar utstyr, inkludert Android og iPhone, iPad, osv. 1930-Bibelen kan ein laste ned gratis, og Bibelselskapets oversettingar frå 1978/85 og 2011 kan ein kjøpe direkte frå OliveTree.

Brukarstøtte

SigveSaker har aldri sett BibleReader i bruk, og kan derfor dessverre ikkje hjelpe ved konkrete problem med programmet. Spør ein meir erfaren brukar om hjelp, eller kontakt OliveTree.



Tilbake til forsida